Mellomalderkyrkja i

Naustdal 1180-1890.


tilbake til oversikt kirker
tilbake til 1. side
Grete Emblemsvåg

siden er endret 10. mars 2021

Markus 16.15 - 16.16

Gå ut i hele verden og rop gledesbudskapet
ut for alle som Gud har skapt! Den som tror
og blir døpt skal bli frelst; men den som ikke
tror skal bli fordømt.

Mark 16.15 - 16.16

He said to them, “Go into all the world and
preach the gospel to every creature.
The one who believes and is baptized will
be saved, but the one who does not believe
will be condemned.


 Naustdal_mellomalderkyrkje
Bildet er funnet under denne linken, men er ikke
der lenger.
https://www.naustdal.kommune.no
/topp/kyrkja/mellomalderkyrkja-i-naustdal/


«Den svartaste dagen i Naustdal si historie» -
vart det sagt den dagen rivinga av
mellomalderkyrkja I Naustdal tok til.   

I Naustdal stod det ei steinkyrkje bygd i 1180.
Kyrkja vart reven i 1890 for å gje plass til
kyrkja som står i bygda i dag.

Det er mulig at mellomalderkyrkja i Naustdal
vart bygd "etter kongebod", i samsvar med 
kongeleg forordning frå tidleg i kristningssoga
for landet vårt og under fagleg leiing frå
kyrkjeleg hald. Kyrkja hadde og rang som
fylkeskyrkje.

Den eldste delen av kyrkja var 12 x 9m
utvendig og koret 6 x 6m. På eit seinare
tidspunkt vart kyrka forlenga mot aust, og
måla som er oppgjevne frå synfaringa i 1686
viser at kyrkja var nesten 30m lang og 13m
brei.

Innvendig skal kyrkja ha vore rikt utsmykka
med treskjering og rosemåling. Dei massive
veggane var kvitkalka. Kordelen var bygd
noko lågare enn sjølve skipet.

https://www.naustdal.kommune.no/naustdal-bibliotek/
lokalhistorie
/soga-var/mellomalderkyrkja-i-naustdal-1180-1890.
13376.aspx

Teksten ble funnet under denne linken,
men er nå fjernet.

Talet på sitjeplassar var rundt 360 og desse
fordelte seg på 14 benkeradar på begge sider
av midtgangen og oppe på galleriet. Galleriet
dekte ikkje berre vestveggen, men var i
tillegg bygt fram langs heile nordveggen.

Bogane over dører og vindauge vart hogd i
kleberstein og det same var dei utvendige hjørna.
Inne i kyrkjerommet var sjølve korbogen forma
i kleberstein.
Den står i dag som inngangsport i sør til
kyrkjegarden.

Over korbogen  hang eit krusifiks med årstalet
1713.
Krusifikset vart selt på auksjon i 1890 då
gamlekyrkja
vart riven. B.A. Grimeland, ein utflytta
naustedøl, kjøpte
det tilbake og gav det til kyrkja.
Krusifikset heng på
korveggen over døra til
prestesakristiet i kyrkja i dag.

Døypefonten i mellomalderkyrkja var forma som
ein
engel som held dåpsfatet.
Dåpsfatet som vart brukt hadde lok og begge
deler vart
seld på auksjon i 1890. Loket er kome
attende og er utstilt
i ein monter i våpenhuset.
Døypefonten er i bruk kyrkja i dag, men med
nytt fat og
ny dåpsmugge.  

Altertavla og preikestol med himling frå
gamlekyrkja
forsvann også i 1890.
Lenge trudde ein at desse kunstskattane var
tapt.
Men så viser det seg at begge deler ligg på
Bergen
Museum og har vore der sidan 1896.
Altertavla er skoren i 1675 og måla av Caspar
Skildrer i 1681-82.
Tavla er laga i to høgder der det sentrale motivet
i
nedste høgda er korsfestinga med Maria og
Johannes
på kvar side. Preikestolen er i same stil
som tavla.
Den er laga i 1671 og måla samtidig
med tavla. 


https://www.naustdal.kommune.no/naustdal-bibliotek/
lokalhistorie/soga-var/mellomalderkyrkja-i-naustdal-
1180-1890.13376.aspx

Teksten ble funnet under denne linken,
men er nå fjernet.


                                Naustdal_mellomalderkyrkje
                                Foto: Jenny Snildal


Døypefonten er i tre og forma som ein engel som
held dåpsfatet. Døypefonten stod i
mellomalderkyrkja og ein kjenner ikkje alder eller
opphavsmann til den.
Fatet som vert brukt i dag er frå 1891 og har
inskripsjonen: Hvo, som bliver døbt skal blive salig"
(Markus 16,16). Dåpsmugge er frå 1958.
I våpenhuset er loket til det gamle dåpsfatet som
vart brukt i mellomalderkyrkja stilt ut. 


Dåpsmugge er frå 1958.

I våpenhuset er loket til det gamle dåpsfatet som vart
brukt i mellomalderkyrkja stilt ut. 


https://www.naustdal.kommune.no/naustdal-bibliotek
/lokalhistorie/soga-var/naustdal-kyrkje-sunnfjord
katedralen.13374.aspx
Familiebegivenheter:
dåp Gretes mormor Oline Jansdatter Drægebø